Om klubben

Handbak er for alle!

Frå dei antikke olympiske leikane i Athen til små vestlandsbygder

Lett å starte

Handbak er ein brytesport med opphav frå dei antikke olympiske leikane i Athen, også kalla armbrytning. Å bli god krev ein kombinasjon av styrke, teknikk, hurtigheit og psyke. Men dei aller fleste kan ha glede av denne sporten på sitt eige nivå. Det er ulike vektklassar og reglane er enkle. Sporten fordrar ikkje dyrt utstyr for utøvaren.

Ein open klubb

I klubben vår er det lagt vekt på at ungdommen kan delta på eigne premissar. Å få ut energi og samtidig innordna seg reglar og sosiale normer, er for mange det aller viktigaste, ikkje nødvendigvis det å bli sterkast. Miljøet er jordnært og godt forankra i sunne verdiar.

Rein idrett

Eit sunt og positivt miljø, der dei eldste er gode førebilete for dei yngste, er viktig. Samtidig er klubben eit ordinært idrettslag underlagt Norges idrettsforbund og ordninga RENT IL. Me er registrert i fem hardangerkommunar. Medlemer får råd og rettleiing for å utvikla seg sjølv og unngå skadar.