Vi har i dag fått på plass husleige og tilbod om nye klubblokale på Istad mellom Voss og Granvin. Huseigar er Flage Utleige.
Vi har fått ein særs god avtale som kjem til å styrkje handbaksporten vår. Det blir eige handbakrom og eige styrkerom med spesialutstyr. Dette gjev oss moglegheit for eigne barne-, ungdoms- og eliteparti, samt større moglegheit for rekruttering.
Arbeidsgruppa, i lag med styret, har gjort dette mogleg etter å ha vurdert fire alternativ.Det vil bety at vi flyttar frå Bygdahuset I Granvin. Takk til Ole Petter Flage og dei tilsette for trua på oss og på breiddeidretten.

